To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze in Rome

To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze in Rome

Rome Full-Time In sede
U

To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze

Stillingstittel To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze Det er ledig to stipendiatstillingar (100%) ved European University Institute (EUI) i Firenze. Oppstart i stillingane i september 2027. Stillingane er ledig for ein periode på tre (3) år, med moglegheit for stipend for eit fjerde år. Stillingane er finansierte av det norske kunnskapsdepartementet. Stipendiatane vert teken opp i eit av ph.d.-programma ved EUI, med Universitetet i Bergen som arbeidsgjevar. European University Institute er eit europeisk forskingsuniversitet innan humaniora og samfunnsvitskap som ligg i Firenze i Italia. EUI har ph.d.-program innan historie, økonomi, samfunnsvitskap og rettsvitskap. Stipendiatane knytt til ph.d.-programma kjem frå 25 ulike europeiske land. Gruppa med stipendiatar er organisert i kull, med samtidig oppstart kvar haust. Søkjarane som får tilbod om stipendiatstilling, får opptak til eitt av dei fire ph.d.-programma. Ph.d.-utdanninga er normert til fire år. Søkjaren må vere norsk statsborgar eller ha permanent opphaldsløyve i Noreg. Søkjaren må ha mastergrad eller tilsvarande grad. Søkjarar som har fullført doktorgrad, kan ikkje bli tilsette i stipendiatstilling innan det same fagområdet. Det er EUI som vurderer om fagbakgrunnen til dei som søkjer opptak er relevant for det einskilde ph.d.-program. Løn som stipendiat, som for tida svarar til ei brutto årsløn på NOK 593.700. Stipend det fjerde året. Opptak til det fjerde året må stipendiaten søkja EUI om. Ved innvilga opptak vert det gjeve stipend frå EUI og UiB. Informasjon om faglege krav i søknaden, innhald i programmet og arbeidskvardagen kan ein få ved å sjå på «FAQs and Contacts» under det einskilde program. Informasjon om arbeidsforholdet til UiB og UiB si forvaltning av avtalen kan ein få ved å kontakte: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

U

Dettagli di contatto:

Team di recruiting di Universitetet i Bergen